UTSATT ei veke
(Fredag 7. mai)


Klatreklubben Ålesund inviterer med dette til den årlege (!) holesamlinga i Daudmannshellaren på Valderøy. Kva er verdt å feire? Det er vår! Og atter vil våre vertikale primitive lyster spele seg ut slik som dei gjer kvar dag hjå våre slektningar apekattane.
Program
17-20 Innsjekk i kasseraren sin bar *0
17:30 Topptauklatrekonkurransen startar *1
20:00 Konkurransa ferdig
20:01 Fyring av grill
20:30 Utdeling av premie *2
21-> Grilling, røling og lausprat
24 Skyss tilbake til sivilisasjonen
*0 Klatrevenar kan og kome, det er ingen som sjekkar medlemsskap i klubben :-)
*1 Det vert hengt opp topptau på alle ruter frå grad 5- til 8-. Det er mogleg å samle 1 poeng omlag halvvegs, og 1 poeng for uttopping. Ein kan freista så mange forsøk som kroppen toler. Taukameraten fører poeng. Ein kan også velje å ikkje levere inn poengskjema.
*2 Premien er ei utfordring. Premien er ikke utprøvd enno, så det er godt mogleg at det vert ein mindre luftig premie enn komiteen har planlagt til no...
Klatreklubben stiller med tørr plass, sitjeplassar, bord?, masse ved, skyss heimatt, grill, salat og premiar. Ka med grisen? Skal det ikkje grillast ein heil rund gris? Følg med på vidare informasjon når det nærmar seg. Du kan elles vurdere å ta med klatresele, klatresko, grillmat, leskedrikk og varme klede.
Kart vil ramle inn her etter kvart.
Påmelding på forum, eller med SMS på tlf 90971418.
Helsing Holekomiteen

















