Info om ny klatrehall

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å bygge ein idrettshall i Spjelkavik som vil innehalde ein klatrehall, tre handballbaner, ei kampsportbane og styrkerom (se flere bilder nederst i saken).

Prioritering av investeringer i Møre og Romsdal fylke skal opp som sak i fylkestinget 18. og 19. juni, og vi vet ikke noe klart før den tid. Blir idrettshallen vedtatt, vil denne stå ferdig tidligst til skoleåret 2021-2022.

 

Harde fakta: 

  • Klatrehallen skal innehalde ein stor hovudvegg, barnevegg og buldrevegg.
  • Høgde på veggen blir fra 16 til 18 meter.
  • Der blir vaskerom, lager, skranke, garderobe, rom til arrangement og sosialt område.
  • Bruttoareal: 555 m2
  • Klatreareal: 900 m
  • Buldreareal: 100 m2

 

Kvifor vi treng ein ny hal

  • Vi skal gi eit godt tilbod til alle som vil klatre.
  • I noverande lokale, har vi ei rekke tekniske og bygningsmessige utfordringar vi vil løyse med eit nytt klatreanlegg.
  • Klatresporten blir då meir tilgjengeleg, med eit breiare tilbod.
  • Med sjølvstyre over eige klatreareal, kan vi arbeide målretta for å utvikle og profesjonalisere drifta av klubben, og med dette unngå unødige  økonomiske tap.
  • Den nye hallen vil gi teknisk rom for klatreareal av høgare kvalitet og tryggleik.
  • Planløysinga i den nye hallen vil og skape ein sosial samlingsplass som fremmar kjensla av å bli sett, og å føle seg velkommen.
  • Vi vil vere med å utvikle kultur og idrett i ein by i vekst.
  • Mange har eit behov for eit lavterskel klatretilbod som det er lett å føle seg velkommen til.

 

Klubbmiljøet

Klatreklubben Ålesund har eit godt aktivitetstilbod til heile familien. Vi har eige borne- og ungdomsgrupper. Jamlege kurstilbod gir nye klatrarar teknisk og praktisk kunnskap som set tryggleiken først. Studentar og innflyttarar finn seg raskt til rette i eit ope og inkluderande miljø. Den alpine arven på Sunnmøre haldast i hevd av nye generasjonar klatrarar som vil ut og måle seg mot tindane vi er omgjevne av. Klatring gir så mykje. Nye vener, ein god fysikk, mental trening, stadige utfordringar, og den gode kjensla av å nå konkrete mål ein har jobba mot.

Vi kompletterer bredde idretten for organiserte og uorganiserte.
Vi ønskjer velkommen barn og ungdomsgrupper, rehabilitering og aktivisering innan helse og omsorg og andre som vil ha eit alternativ til andre aktiviteter

 

Kostnad og finansiering:

Møre og Romsdal Fylkeskommune vil bygge hallen, mens klatreklubben Ålesund vil stå som leietaker. Ålesund kommune vil stille som garantist for at de lokale klubbene sin økonomiske forpliktelse i prosjektet (Spjelkavik idrettslag, Klatreklubben Ålesund, Ålesund Judoklubb og Ålesund Jiu Jitsuklubb). Samlet garantibeløp er på inntil kr. 4.488.080 første år og med årlig nedtrapping i henhold til lavere finanskostnader. Garantinen gis under forutsetning av fylkesmannens godkjenning til bygging av hallen.

Klatreklubben Ålesund vil ha inntekter på årskort, dropp inn, utleige, kurs og arrangement som vil dekke leige og andre utgifter. Det er tenkt at vår daglige leiar skal få ein auka stillingsprosent som skal gjere inntektsgivande arbeid.
Vi skal fortsatt drive med frivillig arbeid.

Kostnadane på bygget blir dekt av fylkeskommunen, tippemidlar og  husleige.
Kostnadane på klatreveggane må vi dekke med tippemidlar, eigenkapital og sponsormiddlar.

 

Kontaktperson:

André Magnussen
Tlf.: 909 99 534
E.post: andremagnussen@hotmail.com